Installer Flash Plugin for å se video.

Påmelding

NutenOpp - er Nordens vakraste fjelløp med ein snittstigning på 24,1 %.

OBS. Løpsdagen 9. august går det hurtigbåt frå Bergen kl 09.10 (Hardangerfjord Ekspressen/Rødne). Ankomst Rosendal kl. 11.00. Pris kr. 180.- Tur/returbillett kr. 450. Retur frå Rosendal kl. 16.30 til Bergen kl. 18.25!

LØYPEfakta: 3700 meter frå Rosendal stadion til toppen av Malmangernuten med 892 høgdemeter knalltøff stigning
NB. Alle må ha sekk på ryggen som veg minimum 2,5 kg og som inneheld varme klede, mat og drikke. Stavar er ikkje tillete i konkurranseklassen.

START FOR tur/mosjonsklassen kl 10.00 - 12.00 (må fylla 10 år løpsåret)
Løpsklassen har fellesstart kl 12.00
(må fylla 15 år løpsåret)
Siste målregistrering "på toppen" kl 16.00

NB. Kun tidtaking på dei som startar i konkurranseklassen.

Startkontingentar:
Konkurranseklasse:
Kr 250.- (min. 15 år)
Familie: Kr. 250.
Tur&mosjonsklasse: Kr 150.
NB. I tillegg til å melda deg på via påmeldingskjemaet må du overføra startkontigent til vår konto 3460 20 35052. Fyrst når kontigenten er betalt, er påmeldinga gyldig. Oppgje T-skjortestorleik ved påmelding!

Påmeldingsfrist konkurranseklasse: 5. august
Etterpåmelding fram til laurdag 8. august
kl. 16.00
(mot ekstra påmeldingsavgift kr 50.- per person)

Påmeldingsfrist mosjonsklasse: Fram til start.

RFS (Rosendal FjellStreif) og friidrettsgruppa i Rosendal Turnlag (teknisk arrangør) ynskjer velkomen og håpar å sjå deg 9. august til ein triveleg tur i noko av det vakraste RosendalsFjella har å by på.

For nærare info:
Kåre Osnes, tel 900 80 176
ePost: kåre osnes

Margun Eik, tel 951 25 727
ePost: margun eik

Jostein Hatteberg, tel 53 48 00 40 / 489 94 213
ePost: Rosendal FjellStreif

 

  • NutenOpp - trase