Installer Flash Plugin for å se video.

8. august 2009 kl. 10:00

Motbakkeløpskurs med verdens beste

Under årets fjellstreif inviterer verdens beste motbakkeløpar, Jonathan Wyatt til løps og treningskurs.

Kurset er for både unge som gamle, for mosjonisten så vel som den aktive konkurranseløparen, seier mannen som forutan å inneha rekorden i NutenOpp (35,25 min, 10 august 2008), er blitt 6 gonger verdensmeister i motbakkeløping. Som har vunne 7 Grand Prix i motbakkeløping, og som elles har delteke i to olymiske, to samveldsleikar, forutan ni internasjonale friidrettsmeisterskap, deriblant tre verdensmeisterskap i terrengløp for heimlandet sitt New Zealand. På kurset har han òg med seg kona, den italienske skistjerna Antonella Confortola. For dei som er skiinteressert, kan det difor vera gode tips å henta her.

Elles kjem Jonathan Wyatt frå ein kultur der det å ha det moro og sosialt saman i og under treninga er veldig viktig. Han gler seg difor til kurset, og sprer gladeleg rundt seg med tips og råd. Og, sjølvsagt håpar han på mange spørsmål!

Pris kr 200.

  • Jonathan Wyatt
  • Jonathan Wyatt på veg mot endå eit verdensmeisterskap