Fjelløpet NutenOpp er eitt elite- og mosjonsløp for heile familien. I 2009 vil løpet verta arrangert som minneløp for Jon Tvedt som gjekk bort under tragiske omstende tidlegare i år.
Jon Tvedt var alt frå starten av ein trufast deltakar i
NutenOpp, og vi meiner han fortener å verta heidra som den
strålande idrettsmannen og personen han var.
Vi inviterer deg herved til å vera med å kasta glans over
Jon Tvedt sitt minne sundag 9. august. Ved å delta i og gjennomføra
NutenOpp, fjelløpet vi veit Jon var så inderleg glad i, ynskjer vi
å heidra Jon slik vi trur han sjølv ville ynskt det.