Bjørndal er og blir ein klassikar. Hattebergvassdraget og
Bjørndalsområdet er sentrale i Folgefonna Nasjonalpark. I
nærkontakt med elvar, fossar, fjellvatn, stup og tindar, kan ein
her oppleva det typiske for norsk og vestlandsk fjell- og
vassdragsnatur på nokre timar.
Starten går bratt opp frå Hattebergsdalen, etter kvart tett på den
ville Ringeriksfossen, så flatare lende til den restaurerte
Bjørndalstølen. Attende til bygda går vi langs den gamle stølsstien
over Skard, med mektig utsyn frå hav til fjellheim. Bli med på ei
heilt spesiell kulturhistorisk vandring, og gløym ikkje
fotoapparat.
Omlag 6 timars tur. Samla stigning 640 meter.
Oppmøte i privatbilar ved RauaLøo.
MINSTE deltakartal: 6
TURLEIARAR: Helge Albrethson &.
Pris kr 200 per person.
Familie kr 400.