Vi køyrer buss med guide frå Rosendal langs Hardanger- og
Maurangerfjorden, der vi mellom anna kjem tett på majestetiske
Furebergfossen. Vidare går turen gjennom Maurangerbygdene og opp
til Jukla kraftstasjon.
Frå Jukla går turen så opp til Botnabreen, ein vakker brearm
av Folgefonna, der deltakarane kan få koma tett på og oppleva breen
på nært hald. Det blir ikkje teke med breutstyr for å gå på
breen.
Omtrent 3 timar (buss tur/retur) + 4 timar fottur. Totalt omlag 7
timar. Samla stigning 350 meter.
Frammøte/turstart frå RauaLøo.
MINSTE deltakartal: 10
TURLEIARAR: Øyvind Hatteberg &.
Pris kr 450 per person.