Vangssago er eit bygg frå 1875, gjenreist i Melsholmane 1997 til
2005. Saga ligg vakkert til nedst i steinparken. Det store
overvasshjulet driv ei rammesag (oppgangssag) med mange blad. På
sagedagen er tida skrudd 100 år attende, og du får sjå korleis
vasskrafta vart nytta til å laga bord og plankar.
Frå Vangssaga er det berre nokre skritt opp til Steinparken
i Rosendal, eit av besøksmåla til Folgefonna Nasjonalpark. Her er
steinblokker bearbeida og sett saman på ein måte som viser det rike
geologiske mangfaldet på Folgefonnhalvøya. Dette mangfaldet har
hatt avgjerande innverknad på utforminga av landskapet - fjell,
fjordar, dalar, innsjøar, elvar og fossar - og difor òg på livet,
næringsvegane og kulturhistoria i området. Steinparken i Rosendal
er kort og godt ei forteljing om berggrunnen og geologien i og
rundt Folgefonna nasjoanlpark.
ANSVARLEGE: Interesselaget Vangssago & RosendalStiftinga
Pris kr 40 per person.
Familie kr 100.