Orienteringsgruppa i RT (Rosendal Turnlag) inviterer til
familieorientering i Omshagen og området rundt, ei rein
parkorientering i det vakre kulturlandskapet rundt Baroniet
Rosendal.
I alt ti postar med ulik vanskegrad er plassert rundt om, og det
å finna postane er ein flott aktivitet for både små og store, rett
og slett ein utmerka familieaktivitet.
Kyndige folk frå orienteringsgruppa vil visa korleis de brukar
kart og kompass. For dei som ynskjer større orienteringsmessige
utfordringar, tilbyr orienteringsgruppa/Turistinformasjonen meir
krevande kart med inntil 25 postar.
Forutan familieorienteringsløypa, finst det òg ei kortløype og
ei lang løype, for dei som ynskjer større utfordringarar.
Oppmøte/start på Hestasletto.
Ansvarleg: RT Orienterings-gruppa
Pris kr 40 per person.
Familie kr 100.