I høve årets Prøve-NM og det sjette NutenOpp i rekkja, inviterer verdens beste motbakkeløpar, Jonathan Wyatt - også i år - til løps og treningskurs.
Kurset er for både unge som gamle, for mosjonisten så vel
som den aktive konkurranseløparen, seier mannen som forutan å
inneha rekorden i NutenOpp (35,25 min, 10 august 2008), er blitt 6
gonger verdensmeister i motbakkeløping. Som har vunne 8 Grand
Prix i motbakkeløping, og som elles har delteke i to olymiske,
to samveldsleikar, forutan ni internasjonale friidrettsmeisterskap,
deriblant tre verdensmeisterskap i terrengløp for heimlandet sitt
New Zealand. På kurset har han òg med seg kona, den italienske
skistjerna Antonella Confortola. For dei som er skiinteressert, kan
det difor vera gode tips å henta her.
Elles kjem Jonathan Wyatt frå ein kultur der det å ha
det moro og sosialt saman i og under treninga er veldig
viktig. Han gler seg difor til kurset, og sprer gladeleg rundt
seg med tips og råd. Og, sjølvsagt håpar han på mange spørsmål!
Pris kr 250.