Installer Flash Plugin for å se video.

11. august 2012 kl. 11:00

Motbakkeløpskurs

Lær korleis verdens ubestridt beste motbakkeløpar dei siste 10-åra trenar.
I høve årets NM, NECON motbakkecup og det sjuande Rosendal NutenOpp i rekkja, inviterer Jonathan Wyatt - lørdagen - til løps og treningskurs!

Kurset er for både unge som gamle, for mosjonisten så vel som den aktive konkurranseløparen, seier mannen som forutan å inneha rekorden i NutenOpp (35,25 min, 10 august 2008), er blitt 6 gonger verdensmeister i motbakkeløping. Som har vunne 8 Grand Prix i motbakkeløping, og som elles har delteke i to olymiske, to samveldsleikar, forutan ti internasjonale friidrettsmeisterskap, deriblant tre verdensmeisterskap i terrengløp for heimlandet sitt New Zealand. På kurset har han òg med seg kona, italienske Antonella Confortola. Forutan å vera ein god mottbakkeløpar (nr 2 i EM og verdenscup i 2011) er ho òg ein utmerka langrennsløpar. For dei skiinteresserte, kan det difor vera gode tips å henta her.

Elles kjem Jonathan Wyatt frå ein kultur der det å ha det moro og sosialt saman i og under treninga er veldig viktig. Han gler seg difor til kurset, og sprer gladeleg rundt seg med tips og råd. Og, sjølvsagt håpar han på mange spørsmål!

Pris kr 250.

  • Jonathan Wyatt
  • Jonathan Wyatt på veg mot endå eit verdensmeisterskap
  • Antonella og Jonathan Wyatt

Påmelding