Installer Flash Plugin for å se video.

Påmelding

TV 2 Rosendal
NutenOpp - er Nordens vakraste fjelløp med ein snittstigning på 24,1 %.

OBS. Det går hurtigbåt "Hardangerfjord Expressen" frå Bergen til Rosendal og retur kvar dag. Rødne Fjord Cruise som opererar ruta, er ein solid og trugen sponsor av Rosendal FjellStreif og tilbyr student-prisar til alle som skal på arrangement vårt. Pris kr. 200.- ein veg. Tur/returbillett kr. 300.
Båt går frå Rosendal kl. 16.35 til Bergen kl. 18.30 sundagskvelden!  Sjå elles rutetider her; www.rodne.no
NB.
Buss til Bergen går frå Rosendal kl. 18.45 via Årsnes ferjelei. Ankomst Bergen kl. 21.45.

LØYPEfakta: 3700 meter frå Rosendal stadion til toppen av Malmangernuten med 890 høgdemeter knalltøff stigning
NB. Alle må ha sekk på ryggen som veg minimum 2,5 kg og som inneheld varme klede, mat og drikke. Sekkeveging for alle før start. Ved kontroll etter målpassering og vekt under 2,5, men over 2 kg - blir 5-fem minuttar lagt til i tid. Vekt under 2 kg = DISK!!!
Stavar er ikkje tillete i konkurranseklassen.

NB. TV 2 Rosendal NutenOpp er ein konkurranse, open for alle, uavhengig av klubbtilknyting eller nasjonalitet!
Men, vi presiserer at berre utøvarar som representerar ein klubb tilknytta Norges Friidrettsforbund kan bli Norgesmeister eller få teljande resultat (poeng) i NECON motbakkecup.
Dette er kvar enkelt utøvar sitt eige ansvar!

START FOR tur/mosjonsklassen kl 09.00 - 11.00
Alle DAMER + (kvinner/menn)
og alle over 50 år - start  kl 11.15
HERRAR konkurranse (15-49 år) - start kl. 12.00

Klasseinndeling TV 2 Rosendal NutenOpp; 15-17 år, under 20 år, under 23 år, senior (23-39 år), senior (over 40 år), senior (over 50 år), veteran (over 60 år) kvinner / menn.

Klasseinndeling NM:
Junior (15-22 år), senior (23-34 år) og veteran (35-39, 40-44, 45-49, 50-54, 55-59, 60-64, 65-69, 70-74 år, osv) kvinner / menn.

Klasseinndeling NECON motbakkecup:
Junior (15-22 år) og senior (over 23 år) kvinner / menn

Siste målregistrering "på toppen" kl 13.30

NB. Kun tidtaking på dei som startar i konkurranseklassen.

STARTKONTIGENTAR:
Tur/mosjonsklassen: Kr. 150.-
Familie: Kr. 250.- (maks. 4 personar)
Konkurranseklassen
(under 23 år): Kr. 200.- (må fylla 12 år løpsåret)
Konkurranseklassen (over 23 år): Kr.250.-

NB. I tillegg til å melda deg på via påmeldingskjemaet må du overføra startkontigent til vår konto 3460 20 35052. Fyrst når kontigenten er betalt, er påmeldinga gyldig. Oppgje T-skjortestorleik ved påmelding!
NB. Alle som deltek får T-skjorte.

NORMAL PÅMELDING - frist konkurranseklassen: Fredag 3. august!
Påmelding her


ETTERPÅMELDING (online)
:
1) Sistepåmeldingsdato onsdag
8. august (online-påmelding stengt)
(mot ekstra påmeldingsavgift kr. 50.- per person)

2) Etterpåmelding kan no skje direkte i sekretariatet lørdag (seinaste påmelding inntil ein time før fyrste start - sundag)!

Påmeldingsfrist tur&mosjonsklassen: Fram til start.
NB. Ikkje etterpåmeldingsavgift for tur/mosjonsklassen!

RFS (Rosendal FjellStreif) og friidrettsgruppa i Rosendal Turnlag (teknisk arrangør) ynskjer velkomen og håpar å sjå deg 12. august til ein triveleg tur i noko av det vakraste RosendalsFjella har å by på.

For nærare info:
Kåre Osnes, tel 900 80 176
ePost: kåre osnes

Jostein Hatteberg, tel 53 48 00 40 / 489 94 213
ePost: Rosendal FjellStreif

 

  • NutenOpp - trase
  • Høgdeprofil Nuten